torsdag 25. september 2014

Moseklubben på tur til Saltdal

Saltdal – Norland. Eit ynda mål for den turglade, og eit ynda turmål for botanikarar og moseglade. Hit gjekk årets mosesamling til Moseklubben første veka i august. Samlinga varte offisielt frå onsdag til søndag, men dei ivrigaste møtte opp på destinasjonen Storjord allereie på måndagen. Her var Skogvoktergården leigd for heile veka. Til saman var det 16 deltakarar, derav to frå Danmark. Dette var tydelegvis ikkje berre berre for alle. Sjølv om dei fleste fekk ordna med henting frå buss- eller togstasjon, vart turen noko meir strabasiøs for andre. Ein av dei eldste deltakarane kom som førstemann til togstasjonen i Lønsdal måndag morgon utan noko skyss for den siste mila til Skogvoktergården. Dei 70 og nokre åra på baken hans hindra han derimot ikkje i å gå den siste lange mila på asfalten til fots. Slik vil eg også bli når eg blir 70! Elles var ein annan deltakar så uheldig å ta buss til feil Storjord onsdag ettermiddag (der er nemleg ein Storjord i nabokommunen også), og vart nokså paff då ho fann ut at i staden for å endeleg vere framme faktisk var 1 t køyring unna målet! Då der ikkje var fleire bussar som gjekk den dagen var det berre å stille seg langs vegen å prøve haikelykka. Heldigvis plukka ein hyggeleg trailersjåfør  henne opp. "Her i Nord-Norge tar vi vare på gjæstan vår!", sa han, så køyrde han jammen ein heil time i feil retning for å sleppe av den ferske moseentusiasten i riktig Storjord!! Ikkje verst.

Dagane gjekk med til kartleggingsturar i ulike områder i nærleiken, medan kveldane vart brukt til å kike på innsamla materiale og sosialt samvær. Saltdal er eit botanisk spennande område med mykje kalkrik berggrunn. Det er dermed mange spennande turmål i området å ta av. Medan måndagen for det meste gjekk med til ankomst, og litt uorganiserte småturar i området, vart det på tysdagen tur til Tørråga og Storkjelfossen rett vest for Rognan. Her finst eit stort felt med kalkspatmarmor og mosefloraen er særs rik. Det vart kartlagt ei stor mengde moseartar i dette området. Det beste funnet var truleg øreblygmose Seligeria oelandica (VU). Deretter gjekk turen til ei flott rikmyr rett vest for Fiskvågvatnet ved Rognan. Her vart det kartlagt fleire krevjande rikmyrarter i til dels store mengder. Dette er ei flott og intakt rikmyr med høg biologisk verdi.  Onsdag drog vi til den klassiske lokaliteten Junkerdalsura. Lokaliteten er kjend for blant anna den sjeldne orkideen Cypripedium calceolus marisko (fruesko) (NT) og huldreblom Epipogium aphyllum  (NT). Av mosar vart det funne mellom anna kysttettmose Molendoa warburgii (VU) og knattmose Gyroweisia tenuis (NT). På tilbaketuren på søndag vart det funne kapslar på labbmose Rhytidium rugosum her. Utanom Gudbrandsdalen er dette første funn av kapslar hos denne arten i Europa dei siste 100 åra! Torsdag delte vi oss i to grupper, og kartla eit område med kalkrik fjellhei med innslag av rikmyr og rike kjelder sør for Solvågvatnet. I lia noko lenger sør fann vi kalkrik rasmark og frisk kalkeng. I tillegg til å sjå på grønlandsstorr Carex scirpoidea som er kjend frå området her, vart det funne skåldraugmose Anastrophyllum cavifolium (VU), og truleg knoppvrangmose Bryum funckii (DD). Fredag køyrde vi til Sulitjelma i nabokommunen Fauske, der vi utforska områda sør for Storelvvatnan. Her fikk vi sett på austvendt kalkrik fjellhei, samt kika i bekkekløfta like under Storelvvatnan. I bekkekløfta vart det funne blant anna kysttettemose Molendoa warburgii (VU) og knattmose Gyroweisia tenuis (NT). Laurdag vart først og fremst ein myrdag. Eit lite stykke sør for Rognan tok vi av frå E6 mot vest, og stoppa ved myrene vest for Skar. Her var kalkgradienten godt representert , så vi fekk sett både på fattig og rik myr. Torvmosane var i spesielt fokus i dag. Til saman vart det funne om lag 22 torvmoseartar, blant anna flarktorvmose Sphagnum jensenii og foreldrearten pisktorvmose S. anullatum, bjørnetorvmose S. lindbergii, svelttorvmose S. balticum og laptorvmose S.subfulvum.anullatum, bjørnetorvmose S. lindbergii, svelttorvmose S. balticum og laptorvmose S.subfulvum

Etter ei fin veke i Saltdalsområdet, med nystifta kjennskap til både nye moseartar og moseinteresserte, drog alle kvar til sitt på søndagen. Det har vore nok ei fin tur med moseklubben, og eg gler meg stort til neste års ekskursjon allereie! Den vil gå til Vestlandet.



Kvifor bruke regnkleder når ein kan bruke paraply? Foto: Torbjørn Høitomt

Botanisering i vakre omgivnadar. Foto: Torbjørn Høitomt



Deltakarane på årets mosetur til saltdal. Foto: Kristian Hassel