70 % av levermosar og 60 % av bladmosar er særbu (ho- og hannorgan på ulike planter), og i den britiske floraen er 87 % av mosane som aldri har blitt funne med sporar før, særbu. Geografisk distanse er ein stor barriere for sporeproduksjon, spesielt hos særbu planter. Spesielt vanskeleg vil eg sei det er for stjernemosen Syntrichia pagorum, der hann-planter kun er kjent frå Nord-Amerika, og ho-planter kun frå Europa.
Hoplante av hårstjernemose Syntrichia pagorum. Foto: Jan-Peter Frahm. |
Det er stor variasjon i tørke- og frysetoleranse hos sporar for ulike artar. Det er påvist korrelasjon mellom toleranse for desse faktorane og utbreiingsmønster, der vidt utbreidde artar har større toleranse enn mindre utbreidde artar. Endemiske artar (finst kun i eit begrensa område) forblir ofte endemiske nettopp på grunn av at sporane ikkje tåler langdistansespreiing i atmosfæra over store hav, der forholda er tøffe.
Mosefossil i rav antyder at artar som er antatt å ha skilt lag for mange millionar år sidan viser mindre morfologisk (utsjånadmessig) variasjon enn forventa. Sjølv om mosar ser ut til å ha lavast rate av molekylær evolusjon blant landplanter, er det likevel oppsiktsvekkande å sjå artar som ikkje har endra utsjånad på 80 millionar år. Dette er gode eksempel på "kryptisk artsdannelse", der akkumulering av genetiske forskjellar ikkje gir utslag i utsjånad.
Mosar i rav er sjeldan vare. Dei kan vere med å løyse gåter om evolusjon og slektskap blant mosar. Denne levermosen vart funne på den Dominikanske Republikk. Foto: Terratreasures and adventures 101. |
Der finst fleire eksempel på positiv interaksjon mellom mosar. For eksempel vil mosar som veks i tette tuer og matter halde på fukt betre enn dei som veks i lause tuer og matter. Mosar er vekselfuktige (poikilohydric), altså dei tek opp vatn direkte over heile overflata - fuktigheita i mosen vil dermed variere med omgivnadane. Sidan dei er avhengige av å vere fuktige for å vekse, har det vist seg at tette matter ofte har større biomasseproduksjon, større skot og høgre artsrikdom.
I mosetuer er ofte konsentrasjonen av CO2 høgre enn i lufta rundt, på grunn av respirasjon av små organismanr som lever i mosetua.
Medan karplanter har utvikla metoder for å unngå uttørking av cellene (cuticula, røter, vedrør mm), har dei fleste mosar utvikla tørketoleranse. I motsetning til karplanter dør altså ikkje cellene når dei tørkar ut, men metabolismen og fotosyntesen stoppar opp. Når dei blir fuktige igjen, vil metabolismen og fotosyntesen starte opp igjen. Men tørketoleransen varierar stort blant artane. Medan torvmosar (Sphagnum) og blåmosar (Leucobryum) berre tåler frå nokre timar til dagar med uttørking, kan artar frå tørrare habitat, som kvitknausing Grimmia pulvinata, tåle opp til 60 dagar tørke utan problem.
Dei fleste som har kika litt på mosar har nok fundert over korleis ulike former kan vere tilpassingar til miljøet dei lever i. Vatn er den viktigaste begrensande faktoren for vekst hos mosar, og mange strukturar er dermed tilpassa opptak, transport og å holde på vatn, der overflatespenning og kapillærkrefter er viktige mekanismar. Eit eksempel er det tjukke tomentumet (filtlag av rhizoidar) som dekker stilken, spesiellt hos mange myrartar. I tillegg til å ta opp og frakte vatn, fungerar det hos mange artar som forankring. Blad forma som vassekkar, slik som hos blæremosar Frullania, er eit anna eksempel. Hos mange artar sit blada tett til stamma (spesiellt hos pleurokarpe), dei vil kunne halde på vatn i kapillærrommet mellom bladet og stamma, medan utsida av bladet sørgar for opptak av CO2 til fotosyntese. Papillar (små utvekstar på bladoverflata), som hos mange artar dukar opp i tørre habitat, er eit anna eksempel. I tillegg til å danne kapillære rom der vatn lett blir transportert, kan gassutvekslig skje gjennom toppen av papillane. Ved uttørking er det viktig å beskytte blada mot skadeleg sollys. Mange artar får krusa blad når dei tørkar inn, slik at undersida av nerven vender ut, og bladplata forblir innrulla og beskytta frå sollyset.
Blæremosar har blad som er forma som vassekkar. Her er matteblæremose Frullania tamarisci under miksoskop. Forto: Hermann Schachner. |
Mosar blir i svært liten grad ete på av dyr, sjølv om nærings- og kaloriinnhaldet i mosar og blomstrande planter er stort sett det same. Grunnen er at dei inneheld ein høg konsentrasjon av lignin-liknande forbindelsar, som gjer at dei er veldig tungt fordøyelige. Mange dyr vil til og med kunne få eit netto næringstap ved å ete dei! I tillegg trur ein at andre sekundære metabolittar, terpenoid-oljar i oljelegeme til levermosar og tungmetall også er avstøtande. Kvifor er det då så mange dyr i arktiske strøk som likevel kan ete store mengder mosar, som reinsdyr, gjess og lemmen? Det viser seg at mosar også inneheld nokre kjemiske forbindelsar, kalla arachidonic acid, som truleg bidreg i å auke fleksibiliteten i ledd og og i celleveggar under kalde forhold.
Lemen og andre dyr i arktiske strøk har ofte mosar i dietten sin. Foto: Framsenteret. |
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar