Viser innlegg med etiketten latin. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten latin. Vis alle innlegg

onsdag 28. januar 2015

Den vesle latinskulen

Mecia trekvitra. Mesia ... trekvatra?  

Kor mange forsøk trengte du før du klarte å skrive det lange "greske" latinske namnet riktig? 

... Meesia tricvetra...


Hadde ein berre visst kva desse orda betydde, så ville det kanskje ha satt seg litt raskare i hjernebarken. Her kjem den vesle latinskulen til unnsetning: 

albulus = kvit, kvitaktig (Er det her Albus Humlesnurr har fått namnet sitt?!?) - Stripefoldmoe Diplophyllum albicans
elongatio = forlengelse - Såtesigd Dicranum elongatum
fuscus = mørk, svart. (evt raspende, hes stemme) - Rusttorvmose Sphagnum fuscum
mollis = mjuk, blaut (Hugsar du fornamnet på fru Wiltersen i Harry Potter? Ho kan vel beskrivast som ganske mjuk...) - Toppknausing Grimmia mollis
nimbatus = innhyllet i tåke (Harry Potter sin Nimbus2000 egnar det seg nok godt i dårleg ver) - Torntvebladmose Scapania nimbosa
nivalis = snø - Snøsotmose Andreaea nivalis
paluster = som lever/veks i myrer - Myrfiltmose Aulacomnium palustre
riparius = som held seg ved elva - Skartorvmose Sphagnum riparium
splendidus = skinnande, blendande eller strålande - Etasjemose Hylocomium splendens
triquetra = trekanta - Skruesvanemose Meesia triquetra (fire forsøk tylegvis...minst!)
turgeo = oppsvulma - Fjellfiltmose Aulacomnium turgidum
uncinatus = hakeforma, krum, kroka - Klobleikmose Sanionia uncinata
viridis =grøn (gjett kvar ein viridenser bur...Grønland!!) - Grønnsko Buxbaumia viridis
vulgaris = vanlig - Stær Sturnus vulgaris. Neida, meinte såklart småklokkemose Encalypta vulgaris 

Hos grønnsko ser du egentlig bare sporofytten (sporehuset), men den er til gjengjeld veldig stor. Og grønn? Foto: Krisitan Hassel

Etasjemose er veldig vanleg og gir skogbotnen eit skinande inntrykk. Ikkje sant?  Foto: Kristian Hassel

Beklagar alle Harry Potter-referansane... det berre vart slik. J.K. Rowling har tydlegvis vore vaken i latinundervisinga. 


Og her har du Molly Wiltersen!

Magni og Kristin